Røde Kors helg i Ørsta!

Denne helga har vi velkomsthelg for delegatane våre i Ørsta. Så langt har dette vore veldig vellykka! Vi har ete god mat, vore på bowling, noko som delegatane syntes var veldig kjekt!

Kvart år mottek Røde Kors Ungdom ungdomsdelegater frå Rawanda, Nepal og Sudan. Desse skal vere i Noreg i 9 mnd. å arbeide med Røde Kors Ungdom relatert arbeid. Så har dei ein mnd. for -og etterarbeid i heimlandet. Norges Røde Kors Ungdom sender også ut ungdomsdelegater til dei same landa. Dette gjer at vi utveklser ungdomsarbeid!

Vi er veldig heldige med delegatane våre Chris og Achmed. Dei er utruleg kjekke og vi kjem til å lære så utruleg mykje spennande av kvarandre!

No er eg nattevakt. Det må alltid vere ein person over 18 år som skal vere våken når folk skal sove på Røde Kors huset her, så nå var mi vakt komen.. Litt trøtt, men skal nokk komme meg over den vakta me;)

Håpe du har hatt ei fin helg så langt!

Én kommentar

Espen A. Breivik

20.sep.2009 kl.04:13

Flinke nattevakt! :-)

Skriv en ny kommentar

astridlv

astridlv

20, Volda

Hei! Eg er ei jente frå Volda på sunnmøre. Eg går på drama/teater på Høgskulen i Volda, og er engasjert i Røde Kors Ungdom! Verden trenge medmenneske, meld deg inn på www.rodekors.no/medlem

Kategorier

Arkiv

hits