Godt nyttår! STEM TEAM SIMONE!

Nå er det eit nytt år, og nye moglegheiter står klare! 

I kveld er det KORSLAGET og Volda har eit kor med og saman skal vi ta kampen å vinne KORSLAGET 2010! 
Saman må vi difor heie på TEAM SIMONE, og stemme. Då sender du 6 til 26400! :) 




Mykje lykke til alle saman som gjer ein god innsats for heimbygda si VOLDA! 

OG Godt nyttår til alle saman! 


God Jul - Merry Christmas! <3

Så var første juledag komen =) Ute er det kald, snøv og eg slapper berre av! 

Hadde ein heilt fantastisk dag i går! Først var vi me besta på besøk, ho fekk mykje flotte gaver.
Seinare var vi i kyrkja, og etterpå var eg Julenisse med syskenbarne mitt=) hehe var gøy! 



Etter nisseoppdraget var vi på gravene å tente lys! Var heilt fantastisk å sjå kor mykje flotte lys som var tent på gravplassen. Like vakkert kvart år! 

Julemiddagen var heilt nydeleg! Pappa har salta og tørka ribbene sjølv, så det er dei beste ribbene over alt! ;) 
Fekk også utruleg mykje flotte gaver noko som kan nemnast er pengar, klokke frå min kjære, englar, nattpysj, bodylotion, rosendal skål, vinglas, karaffel, smykker, kle, filmar og mykje meir! Tusen takk for gåver alle saman!

HA EI GOD JUL ALLE SAMAN! 



Helga er snart over

Så var snart denne helga også ferdig. Har vore ei travel helg med mykje jobbing, men også mykje
kos framfor peisen og TV´en =) 

No hekje vi meir skule, og de e deilig, so no e de berre eksamensoppgåva igjen..! SO e de ferie.. rekna med å levere den rimeleg kjapt, e snart ferdig... 

Så då ynskjer eg alle saman ei riktig god førjulstid! 



Heim kjære heim

Då var turen til Kristiansand over, og eg e heime igjen. Her var det snøv langt ned i fjella og veldig kaldt -ja nesten kulde sjokk i forhold til de ej he hatt i helga... He hatt ei fantastisk helg me familie og venna! :)

No e ej sjuk og ligge på sofaen.. he jo eigentleg aldri tid til å bli sjuk, men de passa ikkje særleg bra.. Folk har haustferie, men ikkje vi da.. ;p hehe..

Nyt ferien din om du he, og slapp av. Til dej som ikkje he ferie- Stå på vidare! :)

Sol og varme! :D

I går reiste eg til Kristiansand, og her møtte eg SOL og BLÅ himmel! Stikk motsetning til det som er heime... Der regna det og snøven låg langt nede i fjella! Nyte varmen og sola i sørlege strøk! Kjempe deilig!

I dag har vi vore barnevakt for skjønne Jonas og Marie, vore på sørlandssenteret ein liten tur og berre kosa oss!

No sitte Endre og Morten (søskenbarnet) å spelar X BOX, hm... og ej sitte på dataen, litt kjedeli å sjå på dei spele alle dei fotballspela:p hehe..

Ha ei fin helg!

sol

God Natt!

No er hausten her, og i dag har det vore ein skikkeleg kald dag her i Volda. I kveld tente eg mykje
stearinlys for å halde varmen, og det fungerte veldig godt!

Har lese RLE i kveld, og no trur eg senga er neste stopp;) God natt folkens, håper dokke har hatt
ein fin haustdag!

Røde Kors helg i Ørsta!

Denne helga har vi velkomsthelg for delegatane våre i Ørsta. Så langt har dette vore veldig vellykka! Vi har ete god mat, vore på bowling, noko som delegatane syntes var veldig kjekt!

Kvart år mottek Røde Kors Ungdom ungdomsdelegater frå Rawanda, Nepal og Sudan. Desse skal vere i Noreg i 9 mnd. å arbeide med Røde Kors Ungdom relatert arbeid. Så har dei ein mnd. for -og etterarbeid i heimlandet. Norges Røde Kors Ungdom sender også ut ungdomsdelegater til dei same landa. Dette gjer at vi utveklser ungdomsarbeid!

Vi er veldig heldige med delegatane våre Chris og Achmed. Dei er utruleg kjekke og vi kjem til å lære så utruleg mykje spennande av kvarandre!

No er eg nattevakt. Det må alltid vere ein person over 18 år som skal vere våken når folk skal sove på Røde Kors huset her, så nå var mi vakt komen.. Litt trøtt, men skal nokk komme meg over den vakta me;)

Håpe du har hatt ei fin helg så langt!

Skulen godt igang!;)

I dag begynte vi praksisen vår, og eg synest det var kjempe gøy. Å vere lærar trur eg er eit spennande yrke som eg vil
trivs i. Ein møter mange forskjellige menneske, og ikkje har ein lik kvardag.

Eg ser fram til denne tida då eg skal utdanne meg, veldig spennande! :)

Håper du har ein fin haust! :)

Hausten rett rundt hjørnet...



Då var eg godt i gang med nytt skuleår og nye krefter er ladda opp etter den lange sommarferien.

Eg har byrja på lærarskulen her i Volda, og synest det er kjempe kjekt. Eg er sikker på at dette er det rette for meg, gler meg til kvar ein dag eg skal på skule:) Det er sann det skal vere veit dokke! Denne veka har vi pedagogikk, noko eg synest er veldig innteresant, så er det praksis og deretter skal vi etterkvart byrje med faget RLE. Veldig kjekt! Har kome i ei klasse med mykje kjekke studentar!

Eg er fortsatt aktiv i Røde Kors. Fortida er det mykje loppemarknar førebuingar som står på spel, men om ikkje lange stunda kjem det to ungdomsdelegatar hit til fylket. Dei kjem frå Sudan og skal vere i Noreg i 9 mnd. Samstundes sender vi to ungdommar til Sudan Røde Halvmåne og utveksler erfaringar. Dette er med på å gjere ungdomsarbeidet i verda meir spennande! Dette gler eg meg kjempe mykje til!

Ha ein fin haust!


Haustblank
Dikt. 1909

Av Per Sivle

 

Kvar vart det taa alle dei Fuglar,

som song

i Sumar so vænt millom Greino?

Sidan eg høyrde deim

ender og Gong;

og so vart det Stilla i eino.

- Han tagnar, Fuglen, mot Hausten.

 

Kvar vart det taa alle dei Blomar,

som stod

og nikkad i Ljos og i Ange?

Eg ser yver Bøen,

men er inkje god

faa auga paa ein av dei mange.

- Han visnar, Blomen, mot Hausten.

60892472735353678730603678165927610460n
Mine kjære søskenbarn i Bremanger!

Sommarferien snart over...

Då haller det mot slutten på min sommarferie... På tirsdag skal eg begynne på allmennlærar utdanninga i Volda og det gler eg meg mykje til:) Gler meg til å møte igjen alle vennane mine frå sist skuleår, og bli kjend me nye folk i fadderveka:) Den blir bra!

waterfall

Eg har hatt ein fin ferie, med mange flotte opplevingar. No har eg ladda batteria, og er klar for skule og oppstart av studentgruppa til Røde Kors Ungdom i Volda!

Borte bra, heime best!

Då har eg kome heim i frå ferie:) Ein seier at borte er bra, men det er jammen det godt å kome heim igjen når ein har vore vekke ei god stund. Sommaren har gått fort, og no er det berre ei veke til eg skal begynne på allmenlærar i Volda. Det skal bli gøy og spennande.

img1963



I sommar har eg vore i Kristiansand, Danmark og Bremanger. Tilsaman har eg vore vekke i tre veker, slappa av med familie og kosa meg. I Kristiansand møtte vi mykje folk som det var lenge sidan vi hadde sett. Vi hadde koselege kveldar på fiskebrygga som berre er idyll no om sommaren! Det bør opplevast! Så var vi sjølvsagt i dyreparken og på Kapteinsabeltann ein tur. Det må ein berre ha med seg når ein er på sørlandet.

img1812



img1782


img1919 Litt folk på fiskebrygga,,

i slutten av Juli reiste eg, Endre og svigers til Århus i danmark. Det var ein koseleg tur, vi fekk handla LITT (enkelte meinte vi handla mykje, men eg syns det var akkurat passe) sjå på byen, museum og sykkelturar. Vi var også på Danmark sitt norlegaste punkt, og eg var lengst ute! hehe:)

img1936


img1960

img1978 handla litt:)


På heimturen var vi innom IKEA, vi var der i 50 min, og kom ut med ei stor tralle... Bilen var litt fullasta når vi kom ut igjen;) hehe..

img1981



I Bremanger har eg slappa av med båtlivet og fjelltur:) Vi har køyrd mykje med tube og båt. Vi var også på ein flott fjelltur "Nordsjø løypa" som gjekk over fjella frå Bremanger til Berle. Ein hærlig tur ;) Var også på kystfestivalen i Kalvåg. Var kjekt å møte gamle kjende igjen.

img2008

img1996


Sommaren 2009

No har eg ikkje vore aktiv her på lenge, men skal prøve å skjerpe meg litt no=)

Sommaren 2009 starta med jobbing, jobbing og atter jobbing:) Etter mykje jobbing tok eg ferie og reiste til kristiansand der eg besøker svigers:)
For tida nyt eg ferien, og slapper av mest mulig.. I går var vi i dyreparken, og der var så mykje folk.. slo besøksrekord i går med over 17000 besøkande.. I dag har vi vore på shopping i sørlandsparken, Endre vart lei før vi hadde begynt så blei gåande å shoppe ej;)
Neste mandag reise ej, endre og svigers til Danmark:) der ska me ha to daga på hotel og sjekke ut danmark=) De ska bli kos:)

God sommar

15.april 2009

I dag har vore ein lang dag. Dagen starta med skule og prosjektet "Teater i undervisning" som vi
skal ha generalprøve på i morgon. Kjempe spennande, og gøy!

Så har det vore jobb, og når eg kom heim laga eg konfirmasjonsgåve :)

No er det seint, og eg skal snart legge meg.

Håper du har hatt ein fin dag, etter ferien!


p1140837200x200

Bilde frå eit liknande prosjekt, men då var det "Drama i undervisning"

Fine dikt:)

Det finnes en blomst hvit som snø kan aldri visne kan aldri dø. Denne blomsten kjenner du sikkert igjen... Evig vennskap heter den.


La tiden som kommer bli fyllt med glede.
Om motstanden kommer er jeg til stede.
Om smilet visner og dagen blir stri,
da skal du vite: jeg har alltid tid.

Sol og blå himmel når dagen er grå, nytt mot og krefter så du kan stå på. En glad melodi når du kjenner deg lei, det er mitt ønske for fremtiden til deg.

Tenk noe så vidunderlig som vennskap.
 Mennesker som lytter og forstår,
 som er til stede når vi trenger dem.

 Venner som gir meg og deg en klem,

 både i glede og i sorg.
 Noen som styrker oss når vi er nede.
 Som gir oss en hånd uten at vi ber om det.
 Forstår følelsene våre uten å analysere dem.

 Tørker tårene våre når vi gråter, og gledes over vår latter.
Jeg håper jeg kan være en slik venn.


Tro ikke alt hva du hører,
si ikke alt hva du vet,
da sparer du mange bører,
på sinn og samvittighet.

Ved min side.

Gå ikke foran meg,
for kanskje jeg ikke
følger etter.

Gå ikke bak meg,
for kanskje jeg ikke
viser riktig vei.

Gå ved min side,
og vær min venn.

voldavgsjuni2008036

Påska 2009

Påska er snart over, og skulane byrjar snart på igjen. Snøven er på fjella og blomane spirar og gror.

Det var deilig å kunne setje seg ned i sofaen og slappe av. Etter travle dagar med stress kunne ein endeleg nyte ferien og roe ned. Vi har hatt nydeleg vêr heile ferien. Veka starta med to dagar på Alexandra i Loen, med spa og velvere. Her hadde vi mykje god mat, og bada i mange timar. På kvelden var det kosleg på hotellet med musikk:)

Resten av ferien har eg tilbrakt at med vennar som har kome heim på ferie. Onsdag var eg i Austefjorden der Ingrid hadde laga nydeleg mat og mange frå vidaregåande var samla. Takk Ingrid for ein kosleg kveld!
Torsdag var eg på besøk med Hallgrim og Camilla i Ørsta. Vi spelte spørjespel, åt poppcorn og spelte gitar hero:) Kjempe kjekt. Fredag hadde eg, Endre og Hanna ein koseleg kveld her heime som enda opp på Rokken etterpå. Laurdag var det bursdagsfeiring i Åmdalen med Ingrid Alice. Utruleg kjekt, og koseleg. Seinare på kvelden for vi på Rust.

Har vore ei roleg påske med Røde Kors, så nå er eg klare med opplada batteri :)

Velkommen til min blogg!

Dette er den første posten på min nye blogg ;)

Les mer i arkivet » Januar 2010 » Desember 2009 » Oktober 2009
astridlv

astridlv

20, Volda

Hei! Eg er ei jente frå Volda på sunnmøre. Eg går på drama/teater på Høgskulen i Volda, og er engasjert i Røde Kors Ungdom! Verden trenge medmenneske, meld deg inn på www.rodekors.no/medlem

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits